Ingvild Skare Thygesen, Blogger hos Turjenter.no

Ingvild Skare Thygesen

Mitt namn er Ingvild Skare Thygesen(26), og eg kjem frå eit småbruk i den vetle bygda Skare – som ligg omkransa av Hardangerfjorden, Hardangervidda og Folgefonna. Kanskje ikkje rart bygdelivet og fjellet ligg godt planta i ryggmargen..?

Fjellet har alltid vert ein del av meg, heilt sidan eg var liten. Mitt første ferieminne er frå då eg som femåring var ei veka på Hardangervidda (Belebu) med familien, som også inkluderte hesten Odin og hunden Rex. Og sidan den gong har brukt mykje tid vest på Hardangervidda – alle årstider. Eg vil nok alltid føla at det er «heim» for meg, og litt «min» del av vidda.

Sidan eg var fem år gammal har eg fått opplevd mykje. I barneårene dreiv eg på med hest, friidrett, langrenn, i tillegg til at eg var mykje på fjellet på tur, fisketur, jakt, sauesanking og likande. Eg var aktiv, satsande langrennsløpar fram til eg var 18 år gammal. Deretter trengte eg noko litt meir lystbetont og spennande, og brukte ein del tid på jakt. Og fekk skutt mine fyrste reinsdyr, hjortar og bever. Vinterstid bytta eg ut smale ski med breie, og det blei meir fart og spenning i alpine fjell. Det stoppa ikkje der – fallskjermhopping blei den nye hobbyen som eg brukte all mi tid på i nokre år. Det var lærerike og spennande år, men eg sakna turar, fjellet og mest av alt vidda. Eg sakna det nok meir enn eg eigentleg skjønte.

Å rusla dei 23 km gjennom Vivassdalen til turisthytta Litlos, fjellstyrehytta Belebu, eller ei eller anna steinbu – vekk frå bilveg, mobildekning og annan støy – det er terapi og ekta glede for meg. Eg er ei svært positiv og bedageleg jente, men den roen som kjem ute på tur kjennes i sjela. Det treng heller ikkje vere strålande ver, eg likar å kjenna eg leve litt ekstra og den gode følelsen etter ein har slitt er noko eg set pris på. Konkurranseinstinkt, jaktinstinkt og «EG KAN» -mentalitet er svært høg, og gir meg mykje meistring. Derfor var eg blant anna med på Ekspedisjon Amundsen i 2020 for fyrste gong, ein utfording av dei sjeldne i mitt rette element. Det blir ikkje siste gongen!

Eg har også ei dotter på snart fire år, og vil prøve å legge til rette for at ho får den same kjensla og minnene frå friluftslivet som gjer ein forskjell i livet – slik eg fekk. Derfor blir det i tillegg til ekstreme turar, ein god del kortreiste eventyr dei neste år. EG GLER MEG! Og håpar å få delt litt av dette med dykk.

Følg meg gjerna på Instagram – @ISKARE

Ingvild Skare Thygesen
ALDER: 27
BOSTED: Odda
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
reCAPTCHA

*Ved innsending samtykker du til personvernerklæringen

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this