Sigvor Mala, Blogger hos Turjenter.no

Sigvor Mala

Frå eg var liten har eg blitt tatt med ut i naturen; om det var ein ettermiddagstur i nærområdet, tiurleik på våren, helgetur til Jotunheimen eller sommarferie på fjellet. Eg er vokse opp i ei bygd på Vestlandet med fjell på alle kantar, og foreldre som har gitt meg ei stor naturglede. For meg er naturen blitt ein heilt naturleg – nærmast nødvendig del av livet.

Gjennom folkehøgskulelivet i Alta fekk eg større kompetanse innan friluftslivet, spesielt vinterfriluftslivet var nytt for meg. Dette resulterte i mange turar i åra framover med gode venner, og at eg tok eit år på Svalbard der eg studerte Arktisk Naturguiding. Vinterfriluftslivet har gitt meg meirsmak i løp av mange år, og eg går no helst på ski langt ut i juli om det er snø til det. Men eg verdsetter også høgt å kunna nyta høgfjellet på sommaren, om det er høgt øve fjorden eller inne på vidde. Når ein kan ta av fjellskoene, svette kle og kasta seg ut i eit fjellvatn i sommarvarmen – då er livet herlig!

Med Svalbard-basillen i blodet har eg dei siste åra difor jobba som sosionom, guide i nærområdet og sesongguide på Svalbard. Drømmen er å kunna bruka noko av denne friluftslivsgleda, og kompetansen i arbeid med utsatte grupper, samt inspirera andre til å komma seg ut på tur. Friheten, energien, gleden og roen ein får av å ve ute er fantastisk – og det er denne følelsen som drar meg ut i naturen nesten kvar dag!

Dersom du har lyst å følga med på mine små og store eventyr, så kan du følge meg på @sigvormala

Sigvor Mala
ALDER: 27
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
reCAPTCHA

*Ved innsending samtykker du til personvernerklæringen

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this