Oppskrifta er henta fra Sigrid Henjum si bok: ET UTE

Pitabrød

Oppskrift til 3 svoltne personar
3 dl lunka vatn
½ pk tørrgjær
7,5dl kveitemjøl (med litt grovmjøl om du vil)
1 egg (må ikkje ha egg men hjelper som bindemiddel)
3 ss olje

Rør ut tørrgjær og egget i vatnet. Tilset salt og til slutt mjøl og olje.
Ha litt ekstra olje rundt deigen slik at han lett kan heva.

Oppbevar deigen i ein plastikkpose med ein høg knute, slik at deigen har plass til å heva. Ta gjerne ein ny pose rundt den igjen ettersom olja har ei tendens til å sige ut.

Klapp deigen flat og så tynn som du kan. Det kan væra vanskeleg å handtera den klissete deigen i handa, prøv å legg den på steikepanna med litt olje på og flat den ut der.

NB: Ikkje gjer som oss og mist deigen på bakken, då får du småstein i tenna resten av kvelden!

Tilbehør

Ein paprika
Ein tomat per person
Vårlauk
Det du sjølv måtte ønske

Grovhakk tomatane og kutt paprikaen i strimler. Fres dei i steikepanna eller kjelen med litt olje. Kutt opp vårlauk og dryss oppå den ferdige kebaben.

Kebab

500g kjøtdeig eller karbonadedeig
1 lauk
2 fedd kvitlauk
¾ ts salt
Pepar og litt chilipulver

Rasp eller finhakk lauken og kvitlauken. Bland rå kjøtdeig og ha i krydder. Kna godt saman slik at deigen heng saman.

På bål:
Spikk deg nokre spyd til å steika kebaben på. La dei vera like tjukke som ein finger, då heng deigen bedre på. Jobb kjøtdeigen rundt pinner og set dei over varmen. Steik til dei er mørkebrune og steikte heilt gjennom.

På primus:
Form deigen i handa til den får pølseform og er omtrent like tjukk som ein purre. Steik dei på primus til dei er mørkebrune og steikte heilt gjennom.

Dressing

4ss rømme
4ss Créme Fraïche
1 ts spisskumin
Ei klype salt
Ei klype chilipulver

Dressingen kan du lage heime eller på turen. Mest praktisk er kanskje heime, da kan du ta den med i ein tett boks. Til dømes ein tom sirupsboks som me har brukt her!

Legg kjøtet i brødet, ha på tomat og paprika, ein god dose dressing og litt vårlauk på toppen!

God tur og vel unnt!

 

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this