En januartur på Hardagervidda | Turjenter.no

En januartur på Hardagervidda

Skrevet av: Sigvor Mala
Publisert: 26.02.21
Foto: Sigvor D. Mala

Fredag ettermiddag pakka eg og turvenninna mi Nora Rogne pulkane og køyrde direkte til Garen på Hardangervidda. Dette er ein lett tilgjengelig plass, med gode parkeringsmuligheitar. Der i frå starta me oppøve bakkane i mørke, med snødrev og vinden rett i mot oss. Hardangervidde har akkurat opna etter stenging på grunn av uvær, og det ruskar fortsatt litt på. Me møter på store mengder med snø oppøve skogen, og er glade når me endelig kjem oss øve skoggrensa der vinden har pakka snøen hard og fin å gå på.

Foto: Sigvor D. Mala

Oppi dalen ved Halset slår me leir for kvelden, med varmen frå primusen og deilig middag blir det ein deilig kveld i teltet. Været ruskar utanfor, og det bles godt heile natte. Heldigvis er teltet godt bardunert, og stormklaffane dekka med snø – så me er sikra i stormen. Neste dag vaknar me til mykje vind, men det stemmer godt overens med værmeldinga – så me lar oss ikkje skremme av den grunn. Etter ein god frokost pakkar me pulkane og begynne å gå oppøve dei bratte bakkane mot sjølve vidde – med langstrakte dalar og småkupert terreng. 

Foto: Sigvor D. Mala

Endelig er me ferdige med stigningen, og det går innover og nedover Langvassdalen. Vinden tek godt her oppe og me pakkar oss godt inn for å ikkje fryse. Det er flatt lys, og vie dalar. Mykje av terrenget ser veldig likt ut her oppe, og me får god nytte av kart og kompass. Me navigerer oss fram til ei fin rute i retning Sandhaug før me skrår mot Viersla. 

Foto: Sigvor D. Mala

Mot kveldinga lysnar det meir og meir opp, månen dukkar opp og det blir eit fantastisk lys. Me kan skimta toppen av Hårteigen i det fjerne, og skumringen kjem sigande med ei magisk stemning. Månen lyser opp landskapet rundt oss, og stjernene dukkar opp. 

Foto: Sigvor D. Mala

Campen sett me rett ved Viersla, det er fantastisk å få komma inn i varmen etter ein dag ute i vinden. Med ei dobbel skive til forrett og Bali kyllinggryte til hovedrett er me begge veldig fornøyde. Men til Nora sin store overraskelse hadde eg tatt med “Suprise” til denne turen, noko som eg syntes er ein flott tradisjon når ein er på lengre turar. Dette går ut på at ein tar med noko å overrasker dei andre på turen med. Denne gongen har eg tatt med sjokoladepudding med vaniljesaus, noko som er til stor glede i teltet ein laurdags kveld. Me nyter teltlivet med kosefyring, dessert og ein tidlig kveld i soveposen.

Foto: Sigvor D. Mala

I løp av natte kryp gradene nedøve til -20, det er blitt heilt klart på himmelen og me vaknar opp til ein fantastisk dag. Det knirkar godt i snøen, og alt har fått eit flott rimlag på seg. I dag blir det ekstra viktig å passe på kvarandre, tenke på at ein ikkje må bli for kald og blir ståande for lenge i ro.

Foto: Sigvor D. Mala

Me beveger oss vidare over Anders-osen og inn i Sildabudalen, det er kaldt og me ser begge ut som to istappar godt dekt av rim. Så kjem sole over horisonten, og me kan nyta å kjenna varmen frå solstrålane mot ansiktet.

Foto: Sigvor D. Mala

Lunsjen i dag blir nytta til å virkelig nyte sola, me sett oss godt til rette og unner oss ein heil time med lunsjpause. Med varm kakao i koppen, nydelig utsikt og sole som varmar er dette ein drømme-lunsj på 1300 moh i januar. Føles nesten som påske!

Foto: Sigvor D. Mala

På veg nedigjen mot Garen kjem utsikten verkeleg fram, me kan blant anna sjå Hardangerjøkulen, Onen og Hallingskarvet. Det fantastiske er at me no får igjen for fredagens slit, det er no 700 høgdemeter med utforbakke ned til bilen!

Foto: Sigvor D. Mala

Me greier oss med kun eit lite fall og ein veltande pulk, ellers er det ein fryd å krusa nedover bakkane i full fart. Me er begge einige om at det har vore ei innhaldsrik helg, som egentlig føles ut som ei heil veke på tur grunna dei store variasjonane. Frå ein stormfull start, til ein eventyrlig avslutning i rein vinteridyll. Det er akkurat desse kontrastane som har gjort denne turen unik! 

 
Dette innlegget handlet om:
ALDER: 27
Åste Innleggen23.12.20
ANNONSE
Ingvild Paulsen Vie13.05.19
ANNONSE
Maria Stray Homme10.04.18
Elin Øverland07.12.20
Bodil Dorothea Gilje19.02.19
Maria Philippa Rossi01.11.18
ANNONSE
Åste Innleggen08.06.20
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
Maria Stray Homme14.05.18
ANNONSE
Maria Stray Homme10.04.19
Guri Anne Hansen18.04.18
ANNONSE
Maria Stray Homme06.05.18
Ingvild Paulsen Vie20.03.19
ANNONSE
ANNONSE
Turjenter.no16.04.18
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
reCAPTCHA

*Ved innsending samtykker du til personvernerklæringen

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this