Mykje av det som seljast brukt har framleis merkelappen på, og du er ganske sikra god kvalitet på produktet. Er det derimot brukt ein del er det lurt å spørje seljaren om det har vært ein fast føljesven i fleire år eller om det berre er prøvd et par gonger. Til dømes godt brukte tursko er allereie gått inn og kan ha endra storleik. Men ofte er det ein god ting, då slepp du å gå dei inn sjøl og unngår sannsynlegvis dei største gnagsåra!
Hugs likevel å alltid teste og gå inn tursko og anna utstyr før du drar på lengre turar.
Dette er særs viktig når ein skal kjøpe brukt sovepose. Har posen lagt i kompresjonsposen heile tida har dunet eller fibrene blitt pressa saman og kan ha mista litt av isoleringsevna. Pass på å kjøpe ein sovepose med ein temperaturskala som tilsvarar ditt bruk. Sjølv om posen har blitt oppbevart riktig kan tempereaturtoleransen ha gått ned om den har vært mykje i bruk. Moderne soveposar tåler meir, men forsikre deg allikevel at den held til -20 om du treng det, eller 0 grader om du er på jakt etter ein sumarpose.
-Soveposen er noko av det viktigaste du har med deg, sørg for at den tåler dei riktige temperaturane.-
Slitasje og svakheiter er oftes meir synleg i verkelegheita. Om du har mulegheit vil det beste være å ta ein titt på utstyret før du kjøpar det. Er det store avstander mellom deg og seljaren kan du spørje om å få tilsendt ein video eller om det er greitt at du sendar produktet i retur om det ikkje svarar til forventningane.
Og hugs, er ikkje utstyret riktig kan du alltids selje det vidare igjen!
-Til å med drytech kan ein kjøpe brukt! Dato er ingen hindring #oftegodetter –
Når du står i vinterstormen oppe på fjellet hjelper det ikkje å ha reklamasjonsretten i bakhovudet om det blir hull i teltet eller skia knekk! Brukt utstyr er som oftest godt testa og det er lurt å spørje seljaren om styrker og svakheter til produktet. Då er ein klar over dette før ein setter avgårde og kan ha med evt. nødvendig reparasjonsutstyr.
-Er du verkeleg uheldig blir utstyret ødelagt. Slik som her, kor draget på ein brukt pulk knekt i to.-
Skal du på ein lengre tur og treng riktig utstyr er det viktig å byrja brukt-kjøpa i god tid på førehand. Det er ikkje berre å stikke innom sportsbutikken på veg heim frå jobb, å kjøpe brukt tar ofte lang tid. Fyst og fremst kan det ta lang tid å leite opp riktig produkt, deretter må ein avtale med seljaren og få det tilsendt eller hente det. Bruk god tid på å leite, plutseleg dukker det opp eit billigare, betre og heilt riktig produkt. Pass på å ikkje gjere siste-liten kjøp kor du ikkje får testa produktet.
Spesielt før lengre og harde turar er det viktig med utstyr som passar til akkurat det du skal bruke det til. Les anmeldelsar og testar på internett og snakk med folk som har erfaring med produktet eller med aktiviteten det skal brukast til.
Det finnes mange måtar å finne fram til brukt utstyr på! Her er nokre av dei:
Grønn byttedag: DNT arrangerer byttedagar over heile landet i anledning Grønn Fredag! Undersøk om din lokale turlag har eit arrangement.
Tise: Appen har ein egen friluftsseksjon kor alle klær og utstyr retta på friluftsliv er samla!
Finn.no: Eit eldorado for tugåarar på jakt etter utstyr. Her kan ein finne omtrent alt ein treng til tur i marka eller ekspedisjon, så lenge du leiter. Aktiver varslar slik at du får beskjed kvar gong det blir lagt ut ei annonse med produktet du er på jakt etter.
Kjøp-og-salg: Sjekk ut FriFlyt sitt bruktmarked, her seljast det store mengder ski- og klatreutstyr.
Bli med i kjøp-og-salg-grupper på facebook. Gruppene Skibørsen, Hvitserks Bruktmarked og Turutstyr/Turklær – KJØP OG SALG – Norge har mykje bra om du berre er tolmodig! Her kan ein også legge ut annonse om spesielle produkt som ein leitar etter eller om ein lurar på noko.
Bruktstativ: I DNT sine butikkar i Oslo, Bergen og Stavanger finn ein bruktstativ kor ein kan selje og kjøpe brukt friluftstøy. Her kan ein betale med Vipps og alle pengane går til seljaren.
Lukke til!