Kva gjer ein når korona og dårlig vær kjem i vegen for turplanen? - Turjenter.no

Kva gjer ein når korona og dårlig vær kjem i vegen for turplanen?

Skrevet av: Sigvor Mala
Publisert: 14.03.21

Jo, ein lager ein alternativ plan og reiser på tur likevel. Det handlar berre om å omstille hjernen, finne ein alternativ plan – også blir det ein fin tur med nye opplevingar uansett.

Foto: Sigvor D. Mala

Ettersom «Åsnes Expedition Amundsen» vart avlyst planlagde eg ein alternativ pulktur saman med teamet mitt desse dagane, det viktigaste for oss var å komme oss ut på tur. Men når dagane nærmar seg meldes det om meir og meir vind, snø og storm i heile Sør-Norge. Spørsmålet om ein skal droppa å reisa på tur kjem opp, men me ønske begge to å komme oss ut på tur og utnytta dagane me har fri frå jobb.

Foto: Sigvor D. Mala

Saman med eit par andre planlegger me derfor nokre dagar på DNT-hytta Kjeldebu før me tar telttur som planlagt dei dagane det er meldt best vær. Turen inn til Kjeldebu er ikkje lang, men med blaut snø som ein søkk rett igjennom og dårlig sikt er det like greitt. Me drar med oss pulkane innover, og får bruk for både kart og kompass for å navigere oss fram i den tette skodda.

Foto: Sigvor D. Mala

På Kjeldebu får me nokre rolige dagar i stormen. Hardangervidda er stengt for trafikk og me har det fint med små turar rundt hytta, strikketøy, god mat og godt selskap. Eigentlig skulle me gått 100 km på ski desse dagane, men er einige om at livet på hyttetur når det bles som best, ikkje er så verst det heller.

Foto: Sigvor D. Mala

Etter nokre rolige dagar på hytta pakkar turvenninna mi Nora Rogne og meg pulkane vore og legg ut i total whiteout i retning Krækkja. Det er null sikt, me har plugga inn musikk på øyrene og er rimelig fornøyde med at løypa viser seg å være kvista. Me går i fleire timar utan å sei eit ord, nyter det å være inni våres eige vesle bobla i vinden. Inni hetta durar det på med gamle hits som «Walking on Sunshine, oooh.», og det følas brått ikkje så surt ut likevel.

Foto: Sigvor D. Mala

Ved Drageidfjorden lysnar landskapet opp rundt oss, sola kjem gjennom skyene og me kan sjå konturane av fjella rundt oss. Det er noko fantastisk med å få utsikt igjen etter fleire timar i whiteout. Me nyt synet rundt oss og kryssar heile vatnet for å forhåpentlegvis få litt ly for vinden i enden av fjella rundt. Det gjer me, men sjølv med litt ly får me verkelig bryna oss på å sette opp telt i mykje vind. Det er viktig å ta forhandsreglar med å sette ned sikkerheitspluggar/ski med ein gong i teltduken og heile tida ha fokus på at vinden ikkje får ta tak i teltet.


Foto: Sigvor D. Mala

Me får samtidig sett doble stenger i teltet, lagt godt med snø på stormklaffane, bardunert godt og endelig flytta inn i heimen vår. Ute har vinden tatt seg endå meir opp, og det røskar godt i teltduken – men inni teltet er det lunt og godt. Med varme frå primusen og deilig middag er det ikkje vanskelig å finna roen. Primusen blir med oss inn i teltet, og me nyt resten av kvelden med kosefyring, kaffi og godis.

Foto: Sigvor D. Mala

I løp av natte tar vinden seg opp til 20 m/s, men teltet står støtt og det er ingen grunn til å uroa seg. Heldigvis har Nora tatt med to par øyreproppar, dei kjem godt til nytte for å dempa støyen frå vinden i teltet. Me søv godt gjennom natte begge to, 10 timar blir det i soveposen! Reine luksusen.

Foto: Sigvor D. Mala

Me vaknar opp til strålande sol, og etter ein rolig start på dagen med førsteklasses havregraut og ein god kopp kaffi er me klare for ein flott dag på tur. Vinden bles godt i dag og, men det gjer ingenting når sole skinne frå klar himmel. Me beveger oss inn i eit fantastisk landskap med flate dalar og bratte fjell rundt oss der me går innover langs Helvetesnutane. Vinden bles kraftig, og snøføykene kjem med gjevne mellomrom.

Foto: Sigvor D. Mala

Ved lunsjtider lagar me oss ein flott le-vegg med jervenduken, og kan dermed nyta ein god pause utan vind. Det er fantastisk å kjenne kor mykje ein le-vegg kan hjelpe på dagar som dette. Me nyttar heile dagen ute i fjellet før me må heim igjen, og får slik med oss flotte kveldsstemningar på veg mot bilen.

Foto: Sigvor D. Mala

Turen blei ikkje som planlagt, med plan nr 1: 100 km på ski, eller plan nr 2: fem dagar på telttur. Men det blei ein fantastisk tur likevel, og me sitt igjen med gode opplevingar, minner for livet og ekstra energi til å gå tilbake til kvardagen. Mitt tips er; neste gong du lurer på å avlyse ein tur, tilpass den heller etter vær, evne og forhold. Det er ikkje alltid så viktig kva ein gjer, men at ein er ute på tur!


Foto: Sigvor D. Mala

Takk for ein opplevelsesrik tur!

 
ALDER: 27
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
reCAPTCHA

*Ved innsending samtykker du til personvernerklæringen

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this