Nordvestpassasjen

Skrevet av: Moa (Monica) Hundseid
Publisert: 16.05.19

Nordvest passasjen byr på store historiar gjennom tidene. Mangen nederlag dog errobringar. Naturen er rå! Det kreve full konsentrasjon å kunne ta vare på seg sjølv til ei kvar tid. Kuldegrader ned mot 40 blå, fuktig vind som kryp inn til marg og bein, isbjørn som luske utenfor telte. Carribue som spring over tundraen, naturopplevelsene er store og praktfulle sjølv i det harde klimaet.

Dette var min andre kryssing av nordvest passasjen som guide for Ousland explorers. Turen er på 400 km gjennom pakkis, tundra, og øygrupper. Etter min meining har bistanden med isbjørn i området forflytta seg eller auka som gjer at du har rikeleg med isbjørn rundt deg. Me hadde isbjørn i camp, og ellers på spore men dei holdt seg på respektfull avstand som gjorde me kunne slappa av og ikkje bruka for mykje krefter og energi på å vara redd for skinke vår ( heheh )

Turen går over 20 dagar. Eg hadde med meg 7 kunder, som strekka seg over ulike nasjonaliteter. Me starta ut fra Cambridge bay, ei lita inuit landsby. Dessverre har staten tatt meir over kvardagen til eskimoene som gjer at dei får støtte til boplan og mat, som igjen føre til ledighet, alkohol, vold og mangel på kunnskap å leva av og med naturen. Dette er frykteleg trist å sjå og oppleva, når eg veit at folkestamme i desse område er eit av verdas dyktigste å leva av og bruka naturen gjennom tusenvis av år. Dei har klart å overleva eit slikt ugjestmildt klima, og bygga seg eit liv rundt det å utnytta det dei hadde tilgang på, jakt, og fiske. Utnytta kvar del av dyret for å klara seg med mat og klede.

Då me forlata Cambridge var målet vårt Gjøa Havn, 400 km aust. Mangen vil eg tru var nervøs for isbjørn. Ein ekspedisjon er ein tur med risiko og uvitenhet om ein klare å nå fram til målet. Denna turen har det. Frostskader, open vatn, isbjørnfare, storm, veret, retningen vinden komme frå, ja det har det mesta av det ein arktisk ekspedisjon inneber. Spenningen er alltid litt ekstra stor dei første dagane. Ikkje Mangen dagane inn i turen fekk me besøk av ein isbjørn utenfor telte.

Vår isbjrønvakt Bear, ein gatemix av ein hund fra Cambridge, varsla krakilsk. Eg vokna omsider omtåka av bjeffing og klarte å spretta opp or såvepåsen, lada våpenet og skyta eit varselskåt gjennom ytterteltdøra på ca 1,5 sekunder. Bjørnen var ikkje fornøyd med velkomsten og bestemte seg å komma tilbake ein anna dag. Det var eg og resten av gruppe forsåvidt enige med han i. Det var på natta, og då vil alle kvila. Det tok ca. 5 min før alle sov igjen. Eg fyrte av 2 varselskudd, det er ok å visa at me er litt større og skummlare enn ka me egentlig er så det føles som ein kamp å få tak i skinkene våre. 4 store raude telt, våpen og ein krakilske hund funka veldig bra.

Ca etter dag 10 venta pakkisen, kvar dag på sporet auka det med ferske og gamle isbjørnspor. Eg er forholdsvis veldig rolig på isbjørn. MEN eg har veldig stor respekt for deira matfat, område og livsstil. Så det er me som skal tilpassa oss etter dei, fordi det er me som er på besøk i område deira. Så viktig for meg å opptre respektfullt, og ikkje forstyrra dei unødvendig. Det er også viktig å opptre forsiktig forhold til sikkerhet ovenfor oss som gruppa.

Forhandsreglar, rutiner og holda håve kaldt er noko av det eg sette på viktig-lista. Og vara kjende meg dei hjelpemiddel du har med deg om ein kritisk situasjon oppstår, korleis ein lade våpenet, og bera det på ein sikker måte så ingen vådeskudd går av. Det er ingen hjelpemiddel om du ikkje veit korleis du ska bruka det, då blir det berre ein ulempe og ulykker kan oppstå ved å skada kvarandre .

Pakkis kom og den gjekk. Timane fyke i pakkisen. Du må leita og finna nye veier utenfor kompasskurs for å komma igjennom isen som ligge hylter til bylter foran deg, dekorert med bjørnespor. Hannbjørn og binna som er ute med bjørnongar.

Pakkisen var snill med oss i år. Den kom i ulke former, nokon var fleire meter høge, andre låg som fine belter som me klarte å setta skituppene våres lett over uten spesiell baksing.

Mot slutten måtte me gira opp eit par dagar for å ta igjen tapt tid og kilometer. Me auka timetallet per dag med effektiv skigåing frå time 6,7,8 til 9 timar. 1 time effektiv gåing og 15 min pause til me har nådd antall timar per dag. Etter halvveis i timetallet er det lunsj…nudler! Eg syns det er dritdigg, men mitt behov for gourmetmat er serdeles lågt, så lenge eg får sjokolade og ein form for mat med kalorier er eg nøgd…hehe

Kilometrane tikka inn og Gjøa Havn nerma seg. ALLTID på slutten av ein tur pleie eg å vara nok så konkret på å ikkje slappa av fordi det er då feilå oppstår. I begynnelsen og under ein tur er ein skjerpa men når slutten nerme seg blir ein ukonsentert og begynne å slarva. Då komme frostskader, telte fyke av, brekking skistavar, matskåla blese av, brann i telte, solbrent, eta for mykje av matlagret, YES you name it!!! Haha

Det var litt av kvart så oppstod denna gongen og, men det som gjorde mest inntrykk var at hunden stakk av og hadde det særdeles kult med å springa etter carribue!!! I ein stor time, me stoppa og merka at hunden var vekke etter den som regnel fulgte gruppa og passa på at alle var samla. Me sperra opp augene og va livredde på kva som kunna ha skjedd. Me var så heldige å få låna hunden, så me ville levere den tilbake til eigarane i beste hold etterpå. Den hadde det heilt topp imens den sprang etter alt dyreliv på tundraen imens me måtte snu å gå tilbake til camp for å sjå etter hunden, vinden va sur denna dagen og sjansen for å få frostskader va skummel. Me måtte gi opp å gå heilt tilbake til camp pga vinden. Me forsette mot land igjen i håp om han var på jakt, ganske riktig så dokka han opp igjen, meir lykkelig enn nåken gong. Ei rypa var nok gått med på jaktronden etter blodige smil om kjeften.

Me ankom Gjøa Havn med hund og alle fingrar i behold. Eg handla snop for 700 kr og såg fram til å vaska skiten av ein illeloktane kropp. Det er utrulig korleis drit ein kan lukta etter ein måne, men det er også utrulig korleis lite ein kan lukta. Når det er så kaldt som på denna turen trur eg luktesansen og bakterier blir rimeleg nedsatt. Med ein gong ein kjem inn i eit varmt rom stille ein bra fort dårligere til.

Ein dusj, middag og eit par kilo sjokolade er ein klar for nye sprell og drømmane sveve vidare til nye turar igjen. Legte tilbake til isen, tundraen og ro i sjelå ein får på tur.

Takk for følge og turen.

 
ALDER: 24
BOSTED: Vikedal
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
reCAPTCHA

*Ved innsending samtykker du til personvernerklæringen

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this