Rein magi i nærområdet. - Turjenter.no

Rein magi i nærområdet.

Skrevet av: Sigvor Mala
Publisert: 24.04.21

Av og til er det dei spontane kvardagsturane som byr på dei fantastiske naturopplevelsane, ettermiddagar som denne kan ofte by på unikt lys og magiske opplevelsar.


Foto: Sigvor D. Mala

Ein ettermiddag i mars tok me toppturskiene på skuterane, pakka sekkane med varme kle og satte kursen mot Wimanfjellet der me skulle gå ein ettermiddags-topptur. Det var litt halvskya vær, og me håpte på å kanskje sjå sola hvis me var heldige. Under transportetappen velter den eine skuteren, og det tar tid før me kjem i gang med turen. Det er rundt 20 minus, og kaldt i skyggen. Og ettersom me hadde litt hinder på vegen var me usikre på om me kom til å nå sola i det heile tatt.


Foto: Sigvor D. Mala

Det går oppover fjellsida, og me ser rundt på fjellene rundt oss. Det er fantastiske gyldne fargar frå sola på fjelltoppane, lyset blir berre finare og finare. Men det gjeld å halde seg i gang heile tida, for i denne kulden er det fort å bli for kald om ein stoppar opp for lenge.

Foto: Sigvor D. Mala

Ettersom me nærmar oss toppen får me igjen eit håp om å sjå sole, og når me kjem øve kanten møter eit magisk syn oss. Skodda har gjort til at heile himmelen er farga i varme, gyldne fargar. Sole har ein glorie rundt seg av gul-orange lys. Det er ein fantastisk stemning, og me blir alle mållause av den vakre utsikten som møter oss.


Foto: Sigvor D. Mala

Me er alle sammen i rein lykkerus når Mari drar opp ein “suprise” frå sekken, ho har tatt med Lollipopp til oss! So står me der å koser oss i solnedgangen, med eit magisk fargespel på himmelen og is i regnbogens fargar. Det er eit øyeblikk av rein magi, på ein ettermiddagstur, i nærområdet.


Foto: Sigvor D. Mala

Turen heimigjen byr på flotte svingar, kalde fingrar og ein fantastisk skutertur tilbake til byen. Adventfjorden er farga i rosa, og fjellene på andre sida av Isfjorden badar i solnedgangen.


Foto: Sigvor D. Mala
 
ALDER: 27
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
reCAPTCHA

*Ved innsending samtykker du til personvernerklæringen

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this