Solnedgang og soloppgang på 2000 moh - Turjenter.no

Solnedgang og soloppgang på 2000 moh

Skrevet av: Sigvor Mala
Publisert: 24.04.21

Det nærmar seg sommarskitursesongen, den tide av året når solkrem, bikini og ski på beina gir fantastiske opplevingar.

Foto: Sigvor D. Mala

Eit av mine beste minner på sommarskitur er frå Langskavltind i Jotunheimen, med overnatting på toppen av Langskavlen. Saman med min turglade far pakka eg sekken for overnattingstur, tok fram randone-skiene i midten av juli og satt kurs mot Eidsbugarden.

Foto: Sigvor D. Mala

Her var snøforholda betre enn frykta, og me kunne ta på oss skiene rett ved bilen, sjølv om me nærmar oss midten av juli og det var full sommar i låglandet. Det er ein unik følelse å kunna nyta blomstrar som begynner å blomstra i solsidene i kombinasjon med tindar på rekker å rad med ski på beina. Me nærmar oss etter kvart nattas teltplass, og jammen meg har ikkje til og med marihøna funne vegen opp i snøen her oppe i høgda.

Foto: Sigvor D. Mala

Me slår leir på om lag 1900 moh og nyttar den lyse sommarkvelden til å berre nyta utsikten. Det er heilt vindstille, sola steiker og me kan sitte i t-skjorte til klokka 23, rett og slett magisk! Frå leirplassen kan me sjå rett bort på blant anna Uranostinden, Mjølkedalspiggan og Sagi. Lengre bak skimtar me Hurrungane med dei karakteristiske spisse tindane sine, og i sørøst strekker Bygdin seg langt innover mot Valdresflya.

Foto: Sigvor D. Mala

På morgonen vaknar far min brått av eit skrik, ettersom snøen er i kategorien svært roten har eg gått rett gjennom med begge beina på veg ut av teltet og satt meg fast. Det heile ender med ein redningsaksjon frå far min klokka 06.00, og me er begge lys vakne.

Foto: Sigvor D. Mala

Istadenfor å gå tilbake til teltet blir det morgonkaffe i sole og tur til sjølve Langskavltinden før klokka er 09.00. Utsikten her i frå er fantastisk, me står lenge å ser innover breane og tindane. Det er noko unikt med det alpine landskapet i Jotunheimen, og spesielt her i vest.

Foto: Sigvor D. Mala

Etterpå sett me kursen ned mot Eidsbugarden igjen, ein nydelig nedkøyring i shorts og t-skjorte. Tenk å få oppleva slike skiforhold i juli! Nede frå turen blir det sjølvsagt is på kaien ved Bygdin før me sett kursen mot låglandet igjen.

Foto: Sigvor D. Mala

 
ALDER: 27
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
reCAPTCHA

*Ved innsending samtykker du til personvernerklæringen

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this