Ukens Turjente(r) – Uke 38!

Denne uken har vi hele tre turjenter - de superspreke jentene bak kontoen @HeiltHekta, bli kjent med de her!
Skrevet av: Turjenter.no
Publisert: 19.09.18
ANNONSE
Ukens turjente(r) premieres med sponsede produkter fra Helsport

Bak kontoen @HeiltHekta står tre turjenter; Solveig, Veslemøy og Ingebjørg. Vi er vakse opp på gard i den vesle bygda Uskedalen, i Kvinnherad. Solveig og Veslemøy er søstrer, medan Ingebjørg er frå nabogarden.

Heile livet har vi funne på ting saman, helst utandørs. Når vi var mindre var det mest korte turar, hytteturar eller samling og jaging av sauer. Lenge var vi aktive langrennsløparar, og nytta naturen til målretta trening. Dei seinare åra har friluftslivet vårt utvikla seg meir til å handla om å sova ute, finna fine teltplassar, laga god bålmat, finna flott utsikt og herlege nedkøyringar på ski, læra seg å klatra, nyta lange kveldar ved bålet, vandra på breen som ligg rett i nærområdet og ikkje minst sova ute under open himmel. Det fascinerande med friluftsliv er at det er så uendeleg mange moglegheitar, og gjerne rett utanfor kjøkenglaset!

Navn: Solveig, Veslemøy og Ingebjørg Haugland
Bostad: Den vesle bygda Uskedalen i Kvinnherad
Alder: 17, 19 og 23 år

Favorittaktivitet:
Kan vi bare velje ein?? Det er såå masse kjekt å finna på ute! Vi elskar fjell, snø, ski, teltturar og dei uendeleg mange andre mogelegheitane som finst på den
leikeplassen av ein natur vi bur i.

Hva er turplanene deres framover?
Alle tre går på skule, og det blir difor ikkje tid til dei store turane akkurat no. Likevel prøver vi å ta vare på dei gode opplevingane og minna som ein kveldstur eller helgetur kan gje. Nokre gonger krev det litt å komma seg ut etter ein lang skuledag, men når ein kjem heimatt har ein så utruleg mykje meir energi! No framover skal hausten nytast, og så gler vi oss vilt til det dryssar kvitt frå himmelen og vi kan ta fram skia!

Favoritt turdestinasjon og hvorfor?
Ulvanåso!!! Her er det ingen tvil. Ulvanåso er rett og slett 1250 høgdemeter med opplevingar rett utanfor døra! Ein ettermiddagstur til Låganåso, topptur vinter og sumar, telttur, ettermiddagstur, testløp, overnatting under open himmel på toppen, bading i elva, tur med rumpeakebrett om våren og alle dei spennande klatrerutene. Om vi ikkje er på tur sjølve, er det heller ikkje verst å  sitja heima med sein frukost og sjå skikøyrarar som svingar seg nedover.

Hva klarer dere dere ikke uten i sekken?
Sjokolade, kamera og kart! Ingenting er så gøy som å sitja på toppen med kartet i fanget, og utsikta som fasit.

4
4

3
3

2
2

1
1

7
7

5
5

Største turdrøm?
Det er så mange magiske stadar, både i Noreg og i utlandet. Helst ville vi besøkt dei alle saman! Vi er samstundes litt opptekne av at ein ikkje treng å reisa til Himalaya for å oppfylla ein turdraum. Det kan vera ein draumetur å treffa perfekte forhold på randotur i heimbygda, få fregner på nasa om vinteren, få ein solskinsdag på breen eller å nyta ein kopp med kakao ved bålet ein haustkveld.

Hva gir naturen dere?
Utfordringar, opplevingar, moglegheiter, erfaringar og minner. Naturen kan i tillegg delast med alle. Det er både stas med teltturar med gode venner, ein treningstur over fjellet med Bessen, topptur med gamle og nye venner i alle aldrar eller ein ny fjelltopp saman med yngstebroderen.

Husk og sjekk ut kontoen deres @HeiltHekta, de gjør masse gøy!

Jentene vinner en Alta Lady ryggsekk fra Helsport, denne må de nesten dele på, men vi legger med noen turjenter-overraskelser i tillegg til dere jenter!:)

AltaLady
AltaLady

AltaLadyMiljo
AltaLadyMiljo

Vi kårer ny vinner hver uke – alle kan vinne, og du deltar enkelt å greit ved å merke dine instagrambilder med #turjenter!
Blogglisten hits
 
Dette innlegget handlet om:
BOSTED: Melhus
ANNONSE
Turjenter.no31.10.18
ANNONSE
Turjenter.no24.07.18
ANNONSE
Turjenter.no07.06.18
ANNONSE
Turjenter.no16.08.18
ANNONSE
Turjenter.no08.08.18
ANNONSE
Julie Korneliussen01.07.16
ANNONSE
Turjenter.no04.09.18
ANNONSE
Turjenter.no09.10.18
ANNONSE
Julie Korneliussen23.06.16
ANNONSE
Turjenter.no09.10.18
ANNONSE
Turjenter.no28.08.18
ANNONSE
Kari Schibevaag21.08.18
Team Ida13.07.18
ANNONSE
Turjenter.no17.07.18
ANNONSE
Turjenter.no24.09.18
ANNONSE
Turjenter.no02.06.18
ANNONSE
Turjenter.no11.09.18
ANNONSE
Turjenter.no04.06.18
ANNONSE
Turjenter.no17.10.18
ANNONSE
Turjenter.no02.10.18
ANNONSE
Turjenter.no24.10.18
ANNONSE
Turjenter.no06.07.18
ANNONSE
ANNONSE
Turjenter.no01.08.18
ANNONSE
Turjenter.no16.07.18
ANNONSE
Turjenter.no31.05.18
ANNONSE
Turjenter.no15.11.18
ANNONSE
ANNONSE
Turjenter.no07.11.18
ANNONSE
ANNONSE
Turjenter.no14.06.18
ANNONSE
Gunhild og Helene06.09.17
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this