Under open himmel | Turjenter.no

Under open himmel

Skrevet av: Sigvor Mala
Publisert: 09.07.21

Det er noko fantastisk med å kunna nyta ei natt under open himmel når det er heilt klart og gode vêrmeldingar for natta. Ei slik natt tok eg på Store Soleiebotntind saman med turvenninna mi Nora Rogne i fjor sommar.

Foto: Sigvor D. Mala

På toppen av Store Soleiebotntind kan me sjå rett bort på nokon av dei mest spektakulære to-tusenmeters toppane me har i Norge, samstundes som me har ein fantastisk panoramautsikt 360 grader rundt oss. Me nyt nattestimane oppe i høgde, alle stemningane gjennom nattestimane er unike å få med seg.

Foto: Sigvor D. Mala

Når klokka nærmar er rundt 04.00 vaknar me begge opp, og bestemmer oss for å laga ein kopp varm te for å nyta det fantastiske lyset før me søv vidare nokre timar til. Me nyter lyset, stemninga, stillheten og lykka over å få lov til å oppleva dette.

Foto: Sigvor D. Mala

Me vaknar til sol på jervenduken tidleg på morgonen, men då er det berre å opna opp litt og sova vidare nokre timar. Etter kvart som sola kjem meir frem vert det fort varmt og godt når det er vindstille, me nyter ein fredfull morgon her oppe med nykokt kaffi, pannekaker og solings. For ein fantastisk start på dagen!

Foto: Sigvor D. Mala

Når me begynner å bakke saman for natta kjem dei første andre som skal besøke Store Soleiebotntind, og me tar fatt på bakkane ned til bilen. Med heile dagen framfor oss er me klare til nye eventyr, kanskje blir det eit bad i fjorden eller ein ny topptur?

Foto: Sigvor D. Mala

 

Lurt å ha med til en natt under open himmel:

  • Sovepose
  • Vindduk
  • Liggeunderlag
  • Varme klær
  • Lue og votter
  • God mat
  • Nok vann
  • Primus
 
ALDER: 27
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på
vårt nyhetsbrev
Mailchimp form
reCAPTCHA

*Ved innsending samtykker du til personvernerklæringen

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this