Det er søndag føremiddag og me står her igjen, trippande og smilande på brygga. Det er regn i lufta og grå himmel. Vinteren byr ikkje på mange minusgrader her i Bergen, men det er framleis skikkelig kaldt! Vestavinden frå havet er sur, og trenger seg inn mellom alle laga. Stemninga er ei blanding av adrenalin, anger og fryd. Det er ingen veg tilbake no. Me kastar håndklea og tar sats.
Dei fleste badar, det handlar berre om å fortsette når sommaren er over. Det er ein form for kald galskap, men varm lykke. Her gir eg deg mine beste tips til å bli ein vinterbadar:
Det er ingen grunn for å vente, alle dagar er ein badedag!
Det nyttar ikkje å nøle, bestem deg på førehand om du skal hoppe uti eller ikkje.
Når du er uti vannet gjeld det å behalde roen. Ha fokus på gode, dype åndedrag slik at du ikkje startar å hyperventilere.
Tenkar du på å hoppe uti ein gong til? Tok du ikkje dei to planlagte symjetaka? Er ikkje håret vått? Ikkje gje deg før samtalen med havet er ferdig, eg lovar deg du ikkje kjem til å angre.
Ikkje vær redd for å nakenbade! Det er lite som får deg til å kjenne deg så fri.
-Alle bileta er teke av Elise Welde-
Lykke til og godt bad!